Målgruppe

Foreldre og andre omsorgspersonar for born mellom 10 månader og 6 år. Det er ynskjeleg at begge foreldre deltek (de må då ordne barnepass), men de kan komme kvar for dykk. De treng ikkje oppleva at foreldrerolla er vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko særskilt for å delta. 

Gjennomføring

Kurset vert halde i foreldregrupper på Fitjar Helsestasjon, måndagar over 8 veker. 

Oppstart måndag 02.september 2024, klokka 16.30-18.00. Gjennom filmmateriale og refleksjon rundt Tryggleikssirkelen, skal omsorgsgivarar læra korleis dei kan støtte barnet sitt behov for beskyttelse og omsorg, og behovet for å utforske og meistre verda.

Kurset skal gi foreldre verktøy og trening i å tolke barnet sine signal, og hjelp til korleis dei kan møte barnet sine emosjonelle behov. Gjennom kurset vert foreldra invitert til å reflektere over eigen barndom, og korleis deira tidlegare omsorgserfaringar påverkar dei i foreldrerolla. Ved å auka slikt medvit og refleksjon, kan foreldre gjere medvitne val over kva verdiar og strategiar dei vil ta med seg i omsorga for sitt eige born. 

Føremålet

Kurset vil gje omsorgsgivarar eit betre utgangspunkt for å meistre omsorgsrolla og stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå borna. Kunnskap og refleksjon som foreldra tileignar seg gjennom kurset, vil vera relevante gjennom heile foreldreperioden. God støtte frå foreldre vil kunne styrkje born frå starten, og vera ein beskyttande faktor for born gjennom heile livet. 

Informasjon/påmelding

Sjå info/filmar på nettsidene 

https://www.folkOm.no/barn  og Circle of Security International -- Connection - YouTube

Har du spørsmål eller ynskjer å melde deg på, kontakt Familierettleiar, Fitjar helsestasjon,   

Liv Kari H. Tverderøy livtve@fitjar.kommune.no  eller tlf/sms 90175238 

Påmelding innan 15.08 -24. Det er gratis å delta på kurset.                                                                                                                       

Ver gjerne tidleg ute med påmelding, då det er begrensa antal plasser.