Fitjar kulturskule held til i musikksalen på Rimbareid skule. Skulekorpset, Dans og Drama har undervisning i Fitjar kultur og idrettsbygg. Visuelle Kunstfag held til i Klokkargarden.

Om kulturskulen

Fitjar kulturskule blei oppretta i 1976, men har hatt dagens form frå 1992.  

Kulturskulen gjev undervisning i piano, song, gitar, el-bass, slagverk, fiolin, dans, drama/teater, visuelle kunstfag, band og messinginstrument/korps.

Søknad om plass

Elevane kan søkje plass heile skuleåret, men hovudopptaka er i mai og desember.
Elevavgifta er kr 1.585.- for halvåret. Kulturskulen har slik moderasjonsordning: søskenmoderasjon, plass nr 2 eller fleire kr 1.110.-.  

Faktura vert sendt ut i oktober og mars.

Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg ut via Speedadmin innan 15. mai eller 1.desember.

Søk eller avmeld plass her

Aktuelle lenker

Informasjon om Fitjar skulekorps finn du her.

Informasjon om Fitjar barnegospel og babysong finn du her