Barnehagen har ein aktivitetsplikt

Alle som jobbar i barnehagen har ei plikt til å følgje med på at barna har det bra og trivst i barnehagen. Om ein tilsett veit, eller trur, at et barn vert utestengt, mobba, krenka, plaga eller på andre måtar ikkje har det bra, skal dei:

  • Gripa inn og stoppe krenkinga med ein gong
  • Alltid seie frå til styrar
  • Undersøkje kva som er skjedd

Styrar har ansvar for å laga ein skriftleg plan og setje i gong verksame tiltak, for at barnet igjen får det trygt og godt i barnehagen. Barn og føresette skal inkluderast og få medverke i dette arbeidet. 
 

Kva gjer du dersom eit barn blir krenka?

  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar
  • Barnehagen kan ta kontakt med føresette til den eller dei som krenkar barnet ditt
  • Kom fram til tiltak i samarbeid med barnehagen

Barnet mitt krenkar andre, kva gjer eg?

  • Gje klar beskjed om at du ikkje aksepterar krenking
  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar
  • Barnehagen skal syta for at krenkinga stoppar, og ar både barn som blir krenka og krenkar får tett oppfølging jf. Lov om barnehage kap. 8

Kva om eit barn blir krenka av ein tilsett i barnehagen?

Om eit barn oppleve å bli krenka av ein tilsett i barnehagen, er det strenge krav til å varsle, undersøkje saka og setje inn tiltak. Styrar må også varsle barnehageeigar, som følg opp saka vidare. 

Dersom det er styrar som står bak krenkinga skal barnehageeigar varslast direkte. 

Les meir om saksgang for krenking av barn i Lov om barnehage kap. 8

Melde saka til barnehagemynde

Viss du eller barnet ditt meiner at barnehagen ikkje har gjort nok for at barnet ditt skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø, kan du melde saka til barnehagemynde i kommunen. 

Før du melder må du sikre at:

  • du har drøfta saka med styrar i barnehagen
  • det har fått minst ei veka frå du tok opp saka med styrar
  • saka gjeld barnehagemiljøet der barnet ditt går no

Er det helt spesielle tilfelle kan du kontakte barnehagemynde Mone Nilsen på e-post: moni@fitjar.kommune.no.  
 

Kva kan barnehagemynde gjere med saka?

Barnehagemynde kan avgjere om barnehagen har gjort det de skal, og rettleie og føre tilsyn med barnehagen for å sørgje for at barnet igjen får eit trygt og godt barnehagemiljø. Ved tilsyn kan barnehagemynde setje ei frist for når tiltaka skal vere gjennomført og følgje opp saka.

Informasjon om rettigheiter barn og føresette har om ein oppleve å ikkje ha eit trygt og godt barnehagemiljø.