Målet med leksehjelp
Målet med leksehjelp er å gje elevane hjelp med skulearbeidet, meistringskjensle og gode rammer for sjølvstendig arbeid.
Om tilbodet
Fitjar kommune tilbyr gratis leksehjelp for elevar på 3.-10.trinn i grunnskulen. Elevane får tilbod om 60 minutt leksehjelp kvar veka og det er frivillig å delta.
Leksehjelpa er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, men det er nær tilknytning mellom skulearbeidet og leksehjelpa.
Bestemmelsane om spesialundervisning, fag- og timefordeling, individuell tilrettelegging, retten til skyss og kompetansekrav for undervisningspersonalet gjel ikkje for leksehjelpa.