Havnahuset består av 16 leiligheiter frå 1999 og 13 mindre leiligheiter som tidlegare utgjorde aldersheimen. Desse leiligheitane er organisert under Stiftinga Havnahuset, og basert på utleige. Det er bemanning på Havnahuset heile døgnet.

Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og kommunen yter tenester i heimen på same vilkår som til andre heimebuande brukarar.

Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa rørslehemma og tilrettelagt for at den som bur der skal kunne ta imot heildøgns omsorgstenester dersom det er behov for det. Det må vurderast om det er mogleg å gje forsvarlege døgnkontinuerlege tenester, vurdert ut frå bebuaren sine behov og til ei kvar tid tilgjengeleg kompetanse.

Kommunen har tildelingsrett.

Kommunen v/økonomiavdelinga sender ut husleigekontrakten for dei som får tilbod om vedtak om bustad i Havnahuset. 

Det er ikkje ei lovpålagt teneste.

Målgruppe:

Eldre og andre med funksjonshemming som har behov for tilpassa bustad og tenester.

Satsane for husleiga vert regulert årleg av kommunestyret.

Heimesjukepleien har tenestebasen i bygget. Tildeling av bustad og tenester skjer etter søknad og vurdering av behov for tenester. Kommunen gjer tildeling og vedtak om tenester.