
Er du funksjonshemma, kan du søkje om å få skrive ut eit ledsagerbevis. Dette skal gje den personen som følgjer deg fri, eller rabattert tilgang, til ein del kultur- og fritidsarrangement
og til visse transportmiddel.
Beviset blir skrive ut til søkjar.
Det blir ikkje gjort noko økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd.
Dette må sendast inn samen med søknad:
- Bilde i passfotoformat
- Erklæring frå lege eller offentleg helse-/sosialetat, denne må innehalde bekreftelse for behov for ledsager. Denne må ikkje vere eldre enn 1 år.
Søknad sender du elektronisk via denne lenken. Ledsagerbeviset er gratis.
På Helsenorge sine nettsider kan du lesa meir om bruk av ledsagerbevis.
Lov om pasient- og brukerrettigheter
Barne, ungdoms- og familiedirektoratet - Søke om ledsagerbevis