Tenestekontor
Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det vil sei at sakshandsamar tek imot søknader om alle typar pleie- og omsorgstenester:
Søknadar om tenester og/eller hjelpemiddel skal sendast tenestekontoret. Søknadsskjema kan leverast elektronisk her, eller leverast/sendast tenestekontoret.
Koordinerande eining
Koordinerande eining er organisert som ein del av Tenestekontoret for helse og omsorgstenester i Fitjar kommune. Eininga har ansvar for vurdering og saksbehandling av saker som gjeld heilskapleg rehabilitering og søknad om individuell plan. Koordinerande eining skal halde oversyn over kontaktpersonar (personlege koordinatorar) og eksisterande Individuelle Planar, og kvalitetssikre arbeidet med desse. Vidare skal eininga medverka til opplæring og rettleiing av personlege koordinatorar, bidra til tverrfagleg og samarbeid også på tvers av einingane, samt samarbeid med helseføretaket og holde oversyn over rehabiliteringstilbodet i kommunen.