Bilde rådhustak.JPG

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Meir informasjon om Stord/Fitjar turlag finn du her

Visit Fitjar har informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her.

Bilde av Håkon den gode

Historia til kommunen er spanande og skriv seg heilt tilbake til vikingtida. Det har budd folk på Fitjar sidan bronsealderen - det vil seie at omlag 3 000 år har forma folket her. Mange kulturminne rundt om i kommunen stadfestar denne historia. Håkon den gode som var Noregs konge frå ca. år 933, fall i slaget i Fitjar i år 961.

Håkon den Gode
Fitjungsønene var ei gamal storætt i Fitjar. Harald Hårfagre tok frå dei eigedomane og skipa kongsgard her. Han budde mykje på kongsgarden på Fitjar, det same gjorde også sonen Håkon den Gode. 
Soga fortel at Håkon var i veitsla (gjestebod) på kongsgarden då brorsønene hans, Eiriksønene, gjekk til åtak. Slaget på Fitjar er tema for Håkonarspelet, "Kongen med Gullhjelmen", eit historisk spel som hadde urpremiere i Håkonarparken i august 1997.
Midt i sentrum ligg Håkonarparken med statuen av Håkon den Gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og avduka av kong Olav i 1961 under 1000-års jubileet for slaget på Fitjar. 
I tida etter år 1000 høyrer me mindre om Fitjar når det gjeld store rikspolitiske hendingar. Maktsentra vart flytta frå kongsgardane til byane. Mykje av gardane vart i mellomalderen kloster- og kyrkjegods, før bøndene igjen vart sjølveigarar.

Utover 1600- talet var det handels- og gjestgjevarstaden Engesund i Fitjar-øyane som var "sentrum". Her var det mellom anna tingstad for Vaag skipreide. I 1650 vart den einaste hekseprosessen i Sunnhordland ført der.

Først då Fitjar vart eigen kommune i 1860-åra og dampskipstrafikken byrja, kom ein attende til noverande Fitjar sentrum.

Oppvekstvilkår

Fitjar kommune har 4 heildagsbarnehager, der 1 er kommunal og 3 er private. Ein at dei private er friluftsbarnehage. Informasjon om dei ulike barnehagane finn du her

Det er 2 barneskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule i kommunen. Informasjon om dei ulike skulane finn du her. 

Eldretilbod

I Fitjar har me eit godt tilbod til dei eldre. Fitjar har ein sjukeheim - Fitjar Bu- og behandlingssenter. Her er det 23 rom fordelt på 2 avdelingar.

Me har også gode heimebaserte tenester og omsorgsleilighetar med flott utsikt over Fitjarvikjo. Du kan lesa meir om tilbodet til heimebuande her