Båt Havnahuset2

Fitjar kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:

Fitjar kommunestyre handsama i sak PS 82/2021, den 08.12.2021 budsjett 2022 og økonomiplan 2022 - 2025 for Fitjar kommune.  

Det vert då vedteke prisar på vederlag og eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester. 

 

Folketrygda sitt grunnbeløp finn du her

 

Satsar for 2022

Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:

• Personretta tenester (heimesjukepleie)

• Avlasting

• Støttekontakt


Praktisk bistand(heimehjelp)

Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 215,- per mnd.,

uansett timetal.


Brukarar med nettoinntekt over 2G betalar etter abonnement.

Timeprisen er fastsett til kr. 479 på alle abonnement. Ingen tenester skal kosta

over kr. 479,- per time. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time.
 

Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt

før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som

mottek hjelp, vil inntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren

si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er

barnet som mottek hjelpa.

 

Inntektsnivå

Sats 2022

Nettoinntekt under 2 G

Kr 215 pr. mnd.

Nettoinntekt 2 - 3 G

Abonnement kr 1 916,-/mnd

Nettoinntekt 3 - 4 G

Abonnement kr 2 874,-/mnd

Nettoinntekt 4 - 5 G

Abonnement kr 3 832,-/mnd

Nettoinntekt over 5 G

Abonnement kr 4 790,-/mnd


Middags-levering/utkøyring.

• Middag utan dessert vanleg porsjon kr 104,-.

• Middag med dessert vanleg porsjon kr 117,-.

• Middag utan dessert liten porsjon kr 78,-.

• Middag med dessert liten porsjon kr 93,-.

• Ekstra dessert / Suppe kr 16,-.


Prisar matlevering til Havnahuset

• Ingredienser til å lage kvelds laurdagar. Pris: kr 47,- pr. person.

• Rømmegraut og spekemat på 17 mai, jonsok, jul/påske. Pris: kr 90,- pr.

person.

• Ingrediensar til smørbrød i høgtider. Pris: 53 kr.

• Kaffimat laurdag/sundag/heilagdagar/bursdag. Pris: kr 27,- pr. person.


Havnahuset bu -og servicesenter (heildøgnsomsorg)

• Personretta tenester (heimesjukepleie), ingen eigenbetaling.

• Praktisk bistand/heimehjelp, sjå lista over.

• Mat, sjå lista over.

• Vask av tøy i vaskeri: kr. 557 per mnd.


Tryggleiksalarm:

• Leige Kr. Kr. 347 pr. månad.

 

Institusjon

Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:


1. Korttidsopphald/Rehabiliteringsopphald

Døgnopphald i institusjon frå 01.01.2022 Kr. 180 pr. døgn.

Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.


2. Langtidsopphald

 75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.


3. Avlastingsopphald

 Ingen eigenbetaling for opphald.


Dagtilbod for personar med demens og andre eldre (på FBB)

• Kr. 200 pr. dag (inkludert middag)


Korttidsopphald i KAD/ØH avdeling, er fritekne for eigendel


Eigendel på behandling hjå kommunal fysioterapeut.

Frå 01.01.2017 vart det vedteke i Stortinget å kunne ta eigenandel på

pasientbehandling også hjå kommunefysioterapeut. Eigendelane vil verta

fakturert til brukarane og kommunen sender melding til HELFO så desse vert registrerte på dykkar eigenandelskort 2.