Fitjar bygdebok, Gards- og ættesoga band I og II har i lang tid vore utselde. Kommunestyret vedtok difor at det skulle trykkjast opp nytt opplag , då det framleis er etterspurnad etter bøkene.

Bøkene kostar kr. 300,- per stk og kan kjøpast på Fitjar rådhus. Me kan også senda bøkene i posten og legge ved faktura. Frakt og emballasje blir lagt til. 
Ta kontakt med kundetorget på telefon 534 58 500 eller send epost til fitjar@fitjar.kommune.no 

Om Fitjar bygdebok, gard og ættesoge: 

Fitjar bygdebok band I og II inneheld soga om gardane og ættene i Fitjar fram til 1980. I 1966 vart det vald ei bygdeboknemnd som jobba med å samle inn tradisjonsstoff og familieopplysningane, arbeidet tok 16 år. I bøkene finn ein historia om gardane, og ei oversikt over ættene. Ein kan og finne små  forteljingar  om hendingar frå kvardagslivet til folk i bygda.