Jordmortenesta i Fitjar kommune

Jordmor har sjukepleiautdanning i botn og ei vidareutdanning som gjev autorisasjon som jordmor. Jordmor har særleg kompetanse på svangerskap, fødsel og barseltid.  I tillegg har ein kunnskap om kvinnehelse i eit livsløpsperspektiv og kan difor bidra med prevensjonsrettleiing og familieplanlegging. Jordmor har forskrivingsrett på prevensjon til alle friske kvinner over 16 år. Ein treng ikkje vere gravid for å ta kontakt.

Jordmortenesta har som mål å fremje helse og gje individuell støtte til den gravide, slik at den nye familien får ein god start.

Jordmortenesta rår til å kontakte jordmor så tidleg som mogleg ved graviditet, for den fyrste svangerskapskontrollen i veke 5-7, med livsstilsamtale og informasjon om svangerskapsomsorga, samt prøvetaking og utfylling av helsekort.

Jordmor tilbyr:

  • Svangerskapsomsorg
  • Støttesamtalar, ved psykisk uhelse, redsler for fødsel, utfordring kring barseltid m.m
  • Heimebesøk etter fødsel.
  • Etterkontroll omlag 8 veker etter fødsel, med prevensjonsrettleiing.
  • Samtale etter behov, eksempel på tema:
    • graviditet som gir ambivalens eller skapar uro, livsstil, fysisk og psykisk helse m.m
  • Lovverk, forskrifter, retningslinjer og klagerettar

Svangerskapsomsorga er gratis og jordmor har tilvisingsrett til spesialist/spesialisthelsetenesta.

 

Svangerskapsomsorg

Jordmortenesta i Fitjar kommune ynskjer velkommen til svangerskapsomsorg.

Å vera gravid er ei stor livshending og eit krevjande arbeid. Ein ny samfunnsborgar er på veg og ei dyrebar last skal takast omsyn til både i eigen livsstil, i familien og på arbeidsplassen. Med ei slik omstilling følgjer ofte stort informasjonsbehov og www.helsenorge.no kan vere ei god startside.


Gravide kan velja om dei vil gå til jordmor, fastlege eller ei kombinasjon av desse.

Me rår til:

  • å ta kontakt med jordmor tidleg for fyrste kontroll i veke 5-7; med livsstilsamtale, informasjon om svangerskapsomsorga og prøvetaking
  • å ta neste svangerskapskontroll i veke 13, vidare samtale, prøvesvar samt tilvise til rutineultralyd og
  • ultralyd hos spesialisthelsetenesta i veke 18-20.
  • EPDS-samtale i veke 20 (Edinburgh Postnatal Depresjonsscore; om svingande kjensler i svangerskap og barseltid)
  • påfølgjande kontrollar i veke 24, 28, 32, 36, 38 og 40 (individuelle tilpassingar etter behov).

Jordmor ynskjer å bidra til at du som gravid er førebudd på svangerskapet, fødsel, amming og barseltid. Det er endringar både på eit fysisk og psykisk plan med mange tankar og spørsmål som må svarast på.

Ver medviten når du søkjer informasjon på internett. Drøft gjerne med jordmor. Under er ein link til heftet du får utlevert på fyrste svangerskapskontroll, med klikkbare lenkjer til sider ein anbefaler.

 

Støttesamtalar

Gjennom samtale i svangerskapsomsorga kan ein kome over tema som gir uro hos den gravide. Det kan vere krenkjande hendingar tidlegare i livet, kjende psykiske utfordringar, kjensler som svingar i svangerskap og barseltid, redsle for fødsel- og/eller barseltid, utfordringar kring parforholdet eller andre tema som du som gravid treng å få prata om.

Jordmor tilbyr oppfølging gjennom støttesamtalar (2-4 gonger). Støttesamtalen handlar om korleis du opplev din eigen situasjon. Dersom du ynskjer meir oppfølging kan jordmor tilvisa til fastlege, Maria-gruppa (fødselsangstsamtalar på sjukehuset) eller setja deg i kontakt med psykisk helse i kommunen. Du kan også ta kontakt direkte med psykisk helse i kommunen dersom du ynskjer det. 

 

Heimebesøk

Jordmor tilbyr heimebesøk raskt etter fødsel, og innan ei veke etter heimkomst. Heimebesøket er ei avslutning av svangerskapsomsorga, og det fyste møte med helsestasjonen som skal fylgja Dykk vidare. Det er fint om partnar er tilstades under heimebesøket.

Tema som vert tatt opp på heimebesøket er:

  • Fødsel & barseltid.
  • Oppfølging av deg som barselkvinne, med fysisk og psykisk helse, samt prevensjon.
  • Ammerettleiing og vektkontroll av baby.
  • Ein prat om det som opptar Dykk.
  • Informasjonspakke med skriftleg informasjon om ulike tema, gjennomgang av dette.

Send gjerne ein sms til oss når du har født, så kan me setje av tid i kalenderen på tlf 48048730.

 

Etterkontroll

Jordmor tilbyr etterkontroll omlag 8 veker etter fødsel, på lik linje med fastlege.  Målet er å fange opp forhald som treng ekstra oppfølging og støtte til barselkvinna. Du kan seie frå til helsesjukepleiar at du ynskjer ein slik time, så set ho opp ein avtale. Tema som vert tatt opp på etterkontrollen er :

  • Fysisk helse; renselse, menstruasjon, vannlating, avføring, inkontinens, framfallsproblematikk, fødselsrifter, bekkenbunnsmerter.
  • Jordmor utfører ikkje gynekologisk undersøkelse, men observerer rifter/arrvev ved behov.
  • Psykisk helse; gjennomføring av EPDS-screening med tanke på nedstemthet i barseltida; samtale om tema og korleis du føler kvardagen er, samt rolla di som mor.
  • Søvn, kvile, kosthald.
  • Blodtrykk, puls og hemoglobin ved behov.
  • Parforhald og foreldrerolla.
  • Amming og morsmjølkserstatning, rettleiing ved behov.
  • Tilbod om prevensjon til friske kvinner (resept), jordmor kan setja inn p-stav.
  • Informasjon om celleprøve/kvinnehelse.
  • Bekkenbunnstrening.
  • Tilvising til spesialist for innsetting av spiral eller andre gynekologiske problemstillingar.

Behandling og diagnostisering er utanføre jordmor sitt oppdrag. Då vert ein tilvist vidare til spesialisthelsetenesta eller til fastlege for vidare oppfylging.

 

Samtale

Jordmor kan tilby ekstra samtale etter behov innanføre tema kvinnehelse og graviditet.

Tema kan vere:

  • Graviditet som gir ambivalens eller skapar uro.
  • Nøytral samtalepartnar fram mot mogleg provosert abort.
  • Samtale kring utfordringar i høve ikkje-planlagt graviditet
  • Fysisk og psykisk helse i eit kvinneperspektiv.
  • Livsstil og graviditet
  • Traumatiske fødslar
  • Spontanabort
  • Planlegging av svangerskap
  • Plan for å unngå ikkje-planlagt svangerskaps/prevensjonsrettleiing
  • Andre hendingar kring tema

Jordmor har inga behandlarrolle men tilbyr samtale og informasjon i prosessen om å eventuelt søkje ytterlegare helsehjelp i spesialisthelseteneste eller andre instansar.

Nokre nyttige nettstadar:

 

Retten til å klage

Les meir her om retten til å klage:

https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger