Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen.

Psykisk helseteneste

Helsetilbodet gjeld både ei lågterskelteneste og ei vedtaksbasert teneste. 

Målsetting med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet for tenestemottakar
  • Hjelp som bidrar til at tenestemottakar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet

Tilbodet er retta mot menneske som har psykiske helseproblem over korte og/eller lengre periodar, og som kan vera av både lettare og/eller alvorlig grad.

Psykisk helseteneste kan tilby vegleiing/støttesamtalar med spesialsjukepleiar og annan oppfølging dersom det er behov for det. Tenesta består av to sjukepleiarar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid. Tenesta samarbeider tverrfagleg også med andre instansar  når det er relevant og  dersom tenestemottakaren samtykkjer til dette.  

Tenesta er retta mot personar over 18 år og er kostnadsfri.

Den som ønskjer hjelp kan ta direkte kontakt med tenesta i kontortida, eller du kan søkje skriftleg eller muntleg til Havnahuset bu- og servicesenter v/Rakel Bjånesøy.  Du kan også be fastlegen, helsesøster eller andre om å formidle melding om hjelp.   

Slik søkjer du:

Du kan hente søknadsskjema om kommunale pleie-og omsorgstenester i kundetorget på rådhuset eller ved Tenestekontoret i Havnahuset bu -og omsorgssenter.
Søknaden skal du sende til: Havnahuset Bu- og omsorgssenter v/Rakel Bjånesøy, Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar 

Utanom kontortid er det legevakta du må venda deg til:
Telefon 116 117. 

Meir info om legevakt kan ein på nettstaden til Sunnhordland interkommunale legevakt IKS