Elevråd

Alle skulane skal ha elevråd med representantar frå elevane. Elevrådet skal fremja fellesinteressene til elevane ved skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Rådet kan også uttale seg til, oig komme med forslag til sakar som gjeld elevane sitt nærmiljø. 

Lova gjer ikkje rådet noko mynde til å ta bindande avgjersler. Fordi elevrådet representerer alle elevar ved skulen, er vedtak her eit uttrykk for elevane sin vilje. Rektor vil difor ta omsyn til elevråda sine vedtak i dei fleste tilfelle. 

Foreldrenes arbeidsutval

Foreldrerådet er alle foreldre ved skulen. Foreldrerådet ved den enkelte skule vel eit styre til føresette sitt arbeidsutval (FAU). 

FAU er føresette sitt talerøyr ovanfor skulen og behandlar sakar på vegne av foreldrerådet. FAU vel to representantar og to vara representantar til Samarbeidsutvalet. 

Samarbeidsutval

Ved kvar skule skal det vere eit samarbeidsutval (SU) der tilsette, føresette, elevar, rektor og politisk representant deltek. 

SU er eit rådgjevande organ, som har rett til å uttala seg og gje råd i alle saker som gjeld skulen. SU har ikkje beslutningsmynde etter lov eller forskrift. Alle medlemmer kan melde sakar til utvalet. FAU, elevråd og tilsette sine grupper kan melde sakar gjennom sine representantar. 

SU skal sikre eit godt samarbeid mellom foreldreutvalet, lærarane, elevrådet, politisk representant og skuleleiinga. Medlemmane må ha god kontakt med organa dei skal representere så aktuelle problemstillingar kjem fram. Dei ulike må også få god informasjon om sakar SU har behandla. 

SU skal konstituerast innan utgangen av september kvart år. 

Skulemiljøutval

Alle grunnskulane skal ha eit skulemiljøutval (SMU) med representantar frå elevane, føresette, skuleleiinga, dei tilsette og kommunen. I Fitjar kommune etablerast SMU med utgangspunkt i representantane i SU. Elev- og føresettrepresentantane skal vere i fleirtal. 

SMU skal bidra til at skulen, tilsette, elevar og føresette deltek aktivt for å skape eit godt skulemiljø. SMU har rett til å uttale seg i alle sakar som gjeld skulemiljøet, men kan ikkje fatte bindande vedtak. 

Rektor, eller ein representant frå skulen si leiing skal løypande informera SMU i sakar som angår det fysiske eller psykososiale skulemiljøet. I tillegg til å gje råd om det fysiske og psykososiale miljøet, kan SMU føreslå tiltak for å betre miljøet.