Fitjar bu- og behandlingssenter

Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar. Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgsstenestene. Det vil seie at sakshandsamar tek imot søknader, greier ut saka og førebur saker for inntaksnemda sine møte.

Institusjonen har 23 plassar, og tilbyr følgjande tenester:

  • Langtidsopphald

  • Korttidsopphald

  • Avlasting

  • Rehabilitering

  • Palliasjon

Det er 2 avdelingar/grupper på institusjonen

Gruppe 1:  Demensomsorg  11 plassar

Gruppe 2:  Somatisk avdeling 12 plassar