A_Forside_Brannfolk _høyde

Brann- og redningsberedskapen i kommunen er bygd opp rundt ei deltidsordning, med utrykningsleiar på vekevakt, samt eit mannskap i tillegg i helgar. Ved høgtider/fellesferie vert beredskapen utvida. Brannstasjonen er lokalisert i Fitjar sentrum.

Utviklingstrekka innan brannvernarbeidet dei seinare åra syner eit breiare spekter av oppgåver som det er forventa at brannvesenet skal handtere. Det kommunale brannvernet har gått frå å vere eit reint brannvern, til å bli ei kommunal redningsteneste. Ein har no arbeidsoppgåver både innan overflateredning, akutthjelper, forureining, brannvern, førebyggjande brannvern og pågåande livstruande vald (PLIVO). 

Fitjar brann- og redning har 15 mannskap, 9 av desse er godkjent som røykdykkarar, og 11 av desse har førarkort kl 2, og er godkjent som sjåfør på utrykningskjøretøy, kode 160. Samtlege av mannskapa/leiarane har kompetanse i samsvar med krav i dimensjoneringsforskrift. 

Brann og redningsvesenet i Fitjar rår over fylgjande transpotmateriell:

Mannskapsbil MB Atego med 2800 l vanntank 2005 mod
Redningsbil MB Sprinter 1997 mod
Vaktbil MB GLK 2014 mod
Tankbil Scania 2018 mod 10.000 l vanntank
Båt Arronet 23,5 fot 200hk
Terrenggåande køyretøy Can-Am Traxter XU HD7
Skogbrannhenger – felles med Stord

Brann- og eksplosjonsvernlova:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2002-06-14-20

Brann og redningsvesenforskriften​:
https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2021-09-15-2755

Forskrift om brannførebygging
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-17-1710