Kontaktpersonar for miljøretta helsevern i kommunen er: Anne Lise Haukås, Diana H. Bergeland og Karin S. Stokken.
Kontaktinformasjon: fitjar@fitjar.kommune.no eller tlf 53458500. Postadresse:Fitjar kommune. Postboks 83. 5418 FITJAR.
Kommunen har ansvar for å fremja folkehelse og bidra til å verne befolkninga mot faktorar i miljøet som kan ha negativ innverknad på helsa (jfr. forskrift om miljørettet helsevern, § 4 første ledd og folkehelseloven § 4). På denne sida finn du informasjon om kva miljøretta helsevern gjer, og kva krav og anbefalingar som gjeld.
Helsevern i barnehagar og skular: Her finn du informasjon om krav til internkontroll, tilsyn med barns arbeidsmiljø, inneklimamåling med meir.
Helsevern i verksemder: Her finn du informasjon om kva du som verksemd må melde frå til kommunen om, og kva krav og anbefalingar som gjeld.
Helsevern i miljøet: Her finn du informasjon om forhold i miljøet som kan ha negativ innverknad på helsa. Eksempel er skadedyr, radon, forureining og forsøpling.
Klikk inn på rubrikkane under for meir informasjon på kvart felt.