1. Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føra til brann. Du er sjølv ansvarleg for at brenninga skjer på ein forsvarleg måte.
  2. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillatt. Slikt avfall skal leverast til godkjent deponi.
  3. Små mengder hageavfall og reint trevirke kan brennast, men ikkje forbruksavfall, plast o.l. 
  4. Bråtebrenning og bål i skog og utmark er berre tillatt i perioden 15.09. til 15.04.
  5. Brenning etter mørkets frembrott skal unngås.
  6. Større bål og områdebrenning skal meldast til brannvesenet/110 her. Dette gjeld ikkje Sankthansbål/Jonsokbål, som kun skal meldast til Fitjar brann og redning på trosor@fitjar.kommune.no
  7. Brannvesenet kan kontrollera brenning og ulovleg brenning som fører til utrykking kan medføra krav om kostnadsdekning frå kommunen.
  8. Brannsjefen er kommunen sin kontaktperson når det gjeld bålbrenning.

Omsyn til miljø
Utslepp ved open brenning er ofte høge og bør difor unngåast. Bålbrenning vert difor som hovudregel rekna som uakseptabel avfallshandtering. Bålbrenning som fører til forsøpling av eit område, vil ikkje bli tillatt.

Omsyn til helse og trivsel
Røyken frå småbrenning kan føra til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdomar. Kommunelegen kan stogga bålbrenning dersom det er fare for helseskader.

Viktig!
Alle som skal brenna større bål eller gjennomføra områdebrenning (ikkje Sankthansbål), må melda dette inn via skjemaet som du finn her.