Med eDialog kan du enkelt senda brev og dokument til oss på ein trygg måte, også om dei inneheld personsensitive opplysingar og/eller er unnateke offentlegheit.

Å senda dokument med e-post utgjer ein større risiko for at personsensitive opplysingar kan koma på avveie og kan også stoppast i spamfilter. Ved å nytta tenesta eDialog, kan du senda inn dokument via ein sikker kanal.

Me oppmodar både privatpersonar og verksemder til å bruka eDialog til å senda dokument til oss på ein trygg måte.


Når treng du ikkje å nytta eDialog?

  • Dersom Fitjar kommune har eigne søknadsskjema til formålet, for eksempel søknad om helse- og omsorgstenester, parkeringsløyve for rørslehemma, ledig stilling m.m. Til skjemaoversikt
  • Dersom du har enkle spørsmål som kan besvarast via e-post. Sentralt postmottak: fitjar@fitjar.kommune.no
  • Dersom du berre har dokumenta i papirformat, og heller foretrekker å senda dei per post. Postadressa vår er: Fitjar kommune, Postboks 83 5418 Fitjar.

 

Send post via eDialog (Sikker post) til: 

Send sikker digital post til Fitjar kommune 

Send sikker digital post til barnevernstenesta i Stord, Fitjar og Bømlo - Vedlegg MÅ vera i pdf

Send bekymringsmelding til barneverntenesta - Vedlegg MÅ vera i pdf

Send bekymringsmelding til barneverntenesta  (Bekymringsmelding for offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt) - Vedlegg MÅ vera i pdf

Send sikker digital post til PPT

Til oversikt over alle skjema

 

Korleis bruka eDialog?

  • Klikk på ein av lenkjene ovanfor
  • Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.)
  • Skriv inn i skjemaet og legg ved dokument


Slik fyller du ut skjemaet

  • Obligatoriske felt er merka med * (rød stjerne).
  • Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer.
  • Kommentar: Her kan du skriva inn teksten din.
  • Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast, men dokument som skal sendast til PPT eller barnevernstjenesten må vera i pdf-format.
  • Klikk på "Send". Sendinga vert kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms.

Slik kan du gjera om ein dokument til PDF-format:

  • For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF