Prisar for 2023

  • Ein barnehageplass kostar 3.000 kroner per månad, gjeldande frå 01.01.2023. 
  • Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen. 
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre. 
  • ​Familiar som tente mindre enn 583.650 kroner (sats per 01.08.21)  førre år har rett på lågare betaling. For hausten 2022 er satsen 598 825,-. 

Søskenmoderasjon i barnehage

Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:

  • 30 % moderasjon for barn nr.2
  • for barn nr.3 og øvrige vert det gjeve 50% moderasjon av fastsett betalingssats for barn nr.1

Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette. 

Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider.

Redusert foreldrebetaling i barnehage

Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 583.650 (per 01.08.2021) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 3 230,-. For hausten 2022 vert satsen 598.825,-. 

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne

Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2022 er sett til kr. 598.825,-. 

Felles for ordningane gjeld:

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar

Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Søknadsskjema finn du i søknadsportalen, Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid.