TTkort_450x233
Foto: Pixabay

Ordninga med Tilrettelagt Transport (TT-kort) gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss. Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og Legeerklæring.
Les personvernerklæring før du fyller ut søknadsskjemet.   Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut, underteiknast og stemplast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden kan handsamast. 

Det er Vestland fylkeskommune som administrerer ordninga med TT-kort.  Søknad skal sendast til: Vestland fylkeskommune. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport, Postboks 7900, 5020 Bergen

Fylkeskommunen gjer vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla.

Får du avslag kan du sende klage til: Vestland fylkeskommune, Avdeling for mobilitet og kollektivtransport, Postboks 7900, 5020 Bergen

Vestland fylkeskommune si nettside finn du meir informasjon om ordninga med TT-kort.