Er du vaksen og ikkje har fullført eller har mangelfull grunnskoleopplæring, har du rett til å ta dei faga du treng for å få vitnemål. Opplæringa blir tilpassa ditt behov så langt det er råd, både i omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Du får undervisning saman med andre vaksne, slik at du ikkje går i ordinære klassar med barn og unge.

Du kan velje om du ønskjer:

  • full grunnskoleopplæring (alle faga som trengst for å få vitnemål)
  • opplæring i enkeltfag
  • opplæring i delar av fag
  • opplæring i grunnleggjande ferdigheiter (lese, skrive, rekne, bruk av digitale verktøy)

Målgruppe

Vaksne som ikkje har fullført norsk grunnskole, eller ikkje har tilsvarande utdanning på minst ni år frå eit anna land.

Sjølv om du allereie har vitnemål frå grunnskolen, kan du ha rett til opplæring i enkeltfag dersom den tidlegare opplæringa har vore mangelfull.

Vilkår

Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Du er over opplæringspliktig alder (vanlegvis 16 år).
  • Du har ikkje rett til vidaregåande opplæring for ungdom (ungdomsretten) etter opplæringslova § 3-1. 
  • Du har lovleg opphald i Noreg, eller ventar på avgjerd av søknad om opphaldsløyve (gjeld ungdom under 18 år).

Du treng grunnskoleopplæring eller opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Dette er eit skjønnsmessig vilkår som inneber at du må ha eit konkret behov for grunnskoleopplæring.

Lovverk

Opplæringslova § 4A-1 (Rett til grunnskoleopplæring for vaksne)

Opplæringslova § 4A-2. (Rett til spesialundervisning for vaksne)

Opplæringslova § 4A-3 (Rett til vidaregåande opplæring for vaksne)

Forskrift til opplæringslova § 1-2 (Grunnskoleopplæring for vaksne)

Vaksne sin rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4A (rundskriv Udir-3-2012 )

Rettleiing

Vaksenopplæringa i kommunen kan hjelpe deg med å søkje om grunnskoleopplæring. Du kan også be andre hjelpe deg med søknaden viss du har behov for det.

Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Opplæringsstad

Fitjar kommune kjøper etter avtale  tenester av Stord kommune ved Stord vaksenopplæring Jens Hystadvegen 6, 5417 STORD

Høve til å klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Du kan også klage om du er misnøgd med opplæringa du får. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.