Om lova

Alle elevar har rett til å ha det trygt og godt på skulen, og om eleven blir mobba eller krenka, skal skulen reagera straks.

Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing og tydelege krav til kva skulen skal gjera når ein elev ikkje har det godt i skulekvardagen. Om skulen ikkje reagerer snart eller gjer nok, kan elev og føresette kontakta Statforvaltaren som har fått endra oppgåver i forhold til skulemiljøet til elevane.

I regelverket går det fram at skulane skal informera elevar og foreldre om rettane i opplæringslova § 9A. Skulane skal og informera om aktivitetsplikta og rolla til Statsforvaltaren i denne type saker.

Korleis kan eg gå fram og melde ei uro til skulen?

Dersom ditt barn eller nokon du kjenner ikkje har det trygt og godt på skulen – ta kontakt med ein vaksen de kjenne dykk trygge på, fortel om saka.

Krenkingar kan vere utfordrande å fange opp. Skulen ynskjer difor at føresette og elev har låg terskel for å melde frå til skulen viss eleven ikkje oppleve eit trygt og godt skulemiljø. 

Du kan også melde inn sakar her. Då tek skulen kontakt med deg innan 2 virkedagar. 

Les meir på www.fitjar.betreinnsats.no for informasjon om tenestene i vår kommune.

Kva gjer skulen viss ein elev blir krenka?

Alle som jobbar på skulen skal følgje med på at elevane har det bra på skulen. 

Viss ein vaksen på skulen mistenkjer at, eller kjenner til at ein elev blir krenka skal ein alltid:

  • gripa inn og stoppe krenkinga med ein gong, viss det er mogleg
  • varsla rektor
  • undersøkje kva som er skjedd 

Rektor har ansvaret for å undersøkje og lage ein aktivitetsplan. Planen skal omtale tiltak som skal sørgje for at eleven får det trygt og godt på skulen igjen. 

Rektor skal informera eleven og føresett om kva som blir gjort. Både føresette og eleven har rett på å bli høyrd. Dette omtalast som skulen sin aktivitetsplikt. 

Alle tiltak skal evaluerast i samarbeid med elev og føresette. Skulen skal ta omsyn til barnets beste i alle vurderingar. 

Sakshandsaming

Varsle om sak:

  • Alle sakar skal undersøkjast 
  • Elevane skal takast på alvor - det er den enkelte elev si subktive oppleving som skal vere grunngjevande

Opprette ei sak:

  • Skulen skal dokumentere det som kjem fram skriftleg
  • Skulen skal samtale med involverte partar og føresette

Undersøkje:

  • Skulen skal undersøkje saka tilstrekkeleg
  • Alle involverte partar skal høyrast 
  • Ein skal også ta omsyn til det som kan vere utansom skuletid dersom det har betydning for saka

Dokumentera:

  • Kva er gjort? Tiltaka skal baserast på dei undersøkingane som er gjennomførte.
  • Tiltaksplan skal syne kva som er iverksett, kven som er ansvarleg og når tiltaka skal evaluerast. 

Lukking av sak:

  • Når eleven kjenner at miljøet er trygt og godt på skulen kan ein lukke saka. Det er eleven si subjektive oppleving som skal liggje til grunn. 
  • Signering frå eleven og / eller føresette når saka vert avslutta. 

Følgje med:

  • Dei vaksne skal alltid følgje aktivt med sjølv etter at saka er lukka. 

Klage

Ein kan kontakte Statforvaltaren på telefon eller mail, eller ein kan skrive brev til:

Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Telefon: 57 64 30 00

E-post: sfvlpost@statsforvalteren.no

Statforvaltaren si nettside finn du her