Fitjar kommune har fått Familierettleiar knytt til Helsestasjonstjenesta. Det er ei prosjektstilling som resultat av Oppvekstreforma. Målet er å styrkja det førebyggjande arbeidet i kommunen ved å auke kompetansen kring foreldrerolla, samt å styrkje det tverrfaglege samarbeidet. Satsinga er retta mot foreldre med barn og unge i ulike aldrar. 

Familierettleiar jobbar etter § 3-3 Helseframande og førebyggjande arbeid med råd, rettleiing og opplysning. Familierettleiing er eit tilbod til familiar, med særleg fokus på å trygge og støtte foreldre i omsorgsoppgåva, og slik gje hjelp til born og ungdom som strevar. 

Det er eit frivilleg lågterskeltilbod. Foreldre kan sjølv ta kontakt og be om familierettleiing, det krev ikkje tilvising. Tilbodet gjeld individualsamtalar, parsamtalar eller samtalar for foreldre som ikkje bur saman. Det er teieplikt.

Tema for familierettleiing kan vera:

  • barn si utvikling og behov
  • grensesetjing
  • utfordrande åtferd
  • stress og traumerelaterte belastningar
  • samarbeid mellom foreldre
  • bekymringar for barnet
  • søskenproblematikk
  • miljøet rundt barnet heime, i barnehagen eller skulen
  • mobbing og venerelasjonar                                                   

Teamsamarbeid

Familierettleiar samarbeider i team ved helsestasjonen. Helsestasjon og skulehelseteneste skal ha eit tverrfagleg tilbod, og legge til rette for nødvendig samarbeid med relevante kommunale tenester, spesialisthelseteneste og fastlegar. Førebyggande tiltaks-team i kommunen kan td kopla på helsestasjon, skulehelsetenesta og jordmortenesta i møte med familiar med behov for utredning og behandling. Dei kan og anbefale familierettleiing som eit tiltak frå helsestasjonen.

Familierettleiar vil ha hovudansvar for COSP-kurs (Circle of Security). Kurset vil ha oppstart på helsestasjonen på nyåret 2024. Nye kurs kjem når ei kursrekkje er ferdig. Dette vil hjelpa til med å styrkja det emosjonelle bandet og tilknytninga mellom born og føresette. Meir informasjon og påmelding er å finne i eige skriv. Kurset er nyttig for alle foreldre.

Lurer de på om dette er noko for dykk, er de varmt velkommen til å ta kontakt. Vi finn saman ut om dette passer for dykk.  Familierettleiing og COS-kurs er gratis.

Kontakt:

Familierettleiar Liv Kari Hatlevik Tverderøy, stasjonert på helsestasjonen – Havnahuset.

Telefon 90175238

Måndag, tysdag og torsdag (oddetalsveker) kl 8.00-15.30

Epostadresse: livtve@fitjar.kommune.no