Ønskjer du å dele opp eigedommen din, det vil seie å skilje ut tomt, må du søkje kommunen om oppretting av ny matrikkeleining og rekvirere oppmåling etter plan- og bygningslova. Kommunen vil måle opp eigedommen din og kartleggje og beskrive grenser og rettar til eigedommen.  

Ved oppmålingsforretning vert grenser beskrive og det vert klarlagt rettar til fast eigedom. Dette dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, som er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser. Før ei ny eining blir registrert, må det som hovudregel gjerast ei oppmålingsforretning.  

Kommunen har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretning innan 16 veker etter at rekvisisjon er tatt imot. 

Resultatet av oppmålingsforretninga dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, der den nye grunneigedommen blir tildelt eit eige gards- og bruksnummer. Matrikkelen er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.

Oppmålingsforretning må gjerast dersom du skal:

  • opprette ny matrikkeleining ved frådeling av grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn eller jordsameige
  • registrere umatrikulert grunneigedom, jordsameige eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved samanslåing eller grensejustering
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år
  • endre registrert sameigefordeling
  • opprette eksklusiv bruksrett til uteareal eller eigarseksjon utan bygningar (f.eks. hageareal eller parkeringsplass)
  • måle og merke eksisterande grense på nytt

Du må varsle naboar og gjenbuar om den planlagde oppdelinga. 

Oppmåling
Søknad om oppretting av matrikkeleining, for saker som krev handsaming etter plan og bygningslova
Rekvisisjon av kartforretning, for saker etter matrikkellova
Erklæring om arealoverføring, ved overføring mellom to eigedomar 

Skjema for nabovarsling og kvittering for nabovarsel finn du hos Dibk

Når oppmålingsforretning er utført vil du få tilsendt matrikkelbrev når eigedomen er tinglyst hos kartverket.

Nyttige lenker:
Plan- og bygningslova
Lov om matrikulering

Seksjonering
Skjema for krav om oppdeling i eigarseksjonar - reseksjonering

Kart
Du kan søkje i grunnkart, kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplanar, arealbruk og sjå flyfoto av kommunen i Fonnakart.

Historiske dokument. 

Hos Arikvverket finn du mange opplysningar om fast eigedom.  Mye kan du sjølv finne fram ved hjelp av Arkivverket sine sjølvbetjente løysningar på nettet.