Fitjar kommune har ansvar for dei kommunale vegane. 

Når det gjeld Sandviksvåg ferjekai, er dette ikkje kommunal eigedom. Har du spørsmål om for eksempel informasjonstavlene og parkeringsplassene ved Sandvikvåg ferjekai, må du ta kontakt med Vegtrafikksentralen på telefonnummer 175, evt. melde inn feil her:  Meld frå om feil på europaveg - Statens vegvesen

Når det gjeld fylkesvegar, er det Vestland fylkeskommune har ansvar for desse. Her kan ein finna meir informasjon angåande fylkesvegane. Statens vegvesen har ansvaret for riksvegane

Opplysningar om kven som eig vegen, kan ein finna på Statens vegvesen sitt vegkart.

Det er viktig at huseigar er merksam på reglane som gjeld trafikksikring og frisiktsoner. Her kan du sjekke reglane som gjeld klipp av hekker og buskar langs vegar.

Fitjar kommune har ansvar for brøyting av kommunale vegar, fortau og gang/sykkelvegar. Det skal brøytast når det er behov.  Hovudvegar i bustadfelt, andre hovud- og skulevegar vert prioritert før mindre trafikkerte vegar. Det same gjeld strøing. Her vert svingar og stigningar prioritert. 

Huseigarar som eig grunn eller bygning som grensar til offentleg stad, har plikt til å rydde fortauet for snø og is, og strø utanfor eigedomen når det er glatt.

Du kan melda inn problem som søppel, hol i vegen, øydelagte gateljos, manglande brøyting, strøing og liknande på kommunale vegar på epost: fitjar@fitjar.kommune.no eller via lenka: borgermelding.appyard.no 

Ved andre henvendingar kan du ringe Vakttelefon  952 29 950

Skjema for søknad om avkøyrsle eller dispensasjon frå byggjegrense langs offenteg veg finn du her