Ordinær SFO:
T.o.m. 10 timar pr. veke: kr 1.697,- pr. md.
T.o.m. 12 timar pr. veke: kr 1.946,- pr. md.
T.o.m. 14 timar pr. veke: kr 2.169,- pr. md.
T.o.m. 16 timar pr. veke: kr 2.362,- pr. md.
T.o.m. 18 timar pr. veke: kr 2.656,- pr. md.
T.o.m. 20 timar pr. veke: kr 2.952,- pr. md.
Over 20 timar pr. veke: kr 3.248,- pr. md.
Det vert kravd betaling for 11 månader, halv sats for august og juni. Fitjar kommunestyre kan innføra gebyr på papirfaktura.
Kjøp av plass på SFO einskilddagar:
Frå 1. januar 2023 vert dagsprisen for å nytta SFO på einskilddagar kr 370,-.
Det vert ikkje gitt tilbod om utvida SFO-tilbod i periodane skuleårslutt til 1. juli og frå 1. august til skuleårstart.
Vedtekter og betalingssatar for SFO gjeldande frå 01.01.2023 finn du her
Rett til 12 timar gratis SFO / gratis kjernetid
Hausten 2022 vart det forskriftsfesta at kommunane skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. trinn for elevar som har SFO-tilbod. Sjå forskrift til opplæringslova § 1B-4.
I statsbudsjettet for 2023 vart det vedtatt at ordninga skal utvidast til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Forskrifta er på høyring og endring er venta å tre i kraft med verknad frå august 2023. Med atterhald om at forskriftsendringa blir vedtatt, utvidar Fitjar kommune tilbod om 12 timar gratis SFO/ gratis kjernetid til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Om forskriftsendringa ikkje blir vedtatt, vil me ta kontakt med foreldre på 2. trinn og informera om kva tilbod/prisar som skal gjelda.
Ta kontakt med din skule for å høyre korleis dei praktiserer gratis kjernetid for 1.-2.trinn.
Redusert foreldrebetaling i SFO
Det er vedteke endringar i forskrift til opplæringslova om moderasjonsordningar i SFO jf. Forskrift om foreldrebetaling.
- Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Gjeld elevar med plass i SFO i 1. og 2. trinn. Grunnlaget for å søkja om redusert foreldrebetaling er at foreldrebetalinga for eit hushald, ikkje skal overstige meir enn maksimalt seks prosent av familien si samla inntekt. Betaling for eventuell kost kan koma i tillegg.
- Gratis SFO-tilbod for barn med særskilde behov i 5. -7. trinn. Betaling for eventuell kost kan koma i tillegg.
Søknad om redusert foreldrebetaling
Vedtak om redusert foreldrebetaling kan bli innvilga etter søknad frå føresette. Søknaden sender de til Skulekontoret i Fitjar kommune. Søknadsskjema finn du i søknadsportalen til Fitjar kommune.
For søknaden gjeld følgjande:
- Foreldrebetaling skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige inntekt. Både person- og kapitalinntekt skal reknast med.
- Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert
- Søkar legg inn siste års samla person- og kapitalinntekt i søknadsskjemaet. Fitjar kommune kan, utan hinder av teieplikta, innhenta grunnlaget for siste året, jf. Skattefvf. § 3-3-1 andre ledd bokstav a.
Sakshandsaming/klagerett er i tråd med krav i Forvaltningslova. Kommunen er klageinstans.
Fitjar kommune som skuleeigar vil ta ei skjønsvurdering ved fastsetjing av foreldrebetaling.
- Vedtak vert gjort for gjeldande skuleår.
- Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Iverksetjing er frå første betalingsmånad etter at vedtaket er fatta.