Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Alle elevar i grunnskular i Noreg, har krav på eit tilfredstillande inneklima. Dette i samsvar med forskrift om Miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v., lov om folkehelsearbeid og opplæringslova § 9a. Forskrifta sitt overordna mål er å bidra til eit betre oppvekst- og læringsmiljø for barn i barnehagar og skular. Det er verksemdene sine eigarar og leiarar som har ansvar for at kravet til inneklima og andre forhold i elevane sitt miljø vert ivareteke.

Kommunen, ved miljøretta helsevern, gjennomfører regelmessige tilsyn. Målet er å vurdera om skulen oppfyller formåla i forskrifta om at skulen skal fremja helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebyggje sjukdom og skade.

Rimbareid skule.jpg

Foto: Janett Svendsen (Frå tilsyn ved Rimbareid skule 2021)