Utstilling skal avtalast og planleggast i samråd med kultursjef, både når det gjeld tidsrom og evt. arrangement som skal haldast i galleriet i samband med utstilling.

Utstillar betaler 20% av alt sal til kommunen. Liste over kunst med prisliste vert levert i forkant. Sal skal meldast inn etter utstillinga er ferdig. Ved sal over kr. 2000,- per gjenstand skal utstillar sjølv betale 5% i kunstavgift. 

Fitjar kommune har eiga ordning for forsikring av kunst.

Det skal i utgongspunktet ikkje drivast  salsverksemd av anna enn kunst og handtverk i galleriet. Unntak kan vurderast i eingongstilfelle.

Utleige av lokale til private tilstellingar

Galleriet kan leigast for helg og enkeltdagar.

Helg kr  1 500,-.  Døgn kr  300,-.  Leigetakar må sjølv syte for vask av lokalet.

Ved konsert og andre arrangement er det ikkje høve til å ta eigne inngongspengar. Unntak kan gjerast i eingongstilfelle. Det skal då avtalast at ein del av innkomsten skal gå til galleriet.

Galleri Losjen er eit kulturhus som skal vera ope for ålmenta. Det er ikkje høve til å leige lokalet på permanent basis, jfr. kriteria for spelemidlar for kulturhus.

Alle henvendelsar som gjeld Galleri Losjen skal gå igjennom kulturkontoret ved Bente Bjelland.

Kalender