Demens

På grunn av at det vert fleire eldre i Norge, auker også antalet med demens. Kunnskap er viktig for dei som lev med demens, deira pårørande, frivillige og helse- og omsorgspersonell. 

Demens er ein kronisk, uhelbredelig tilstand som kjem av ulike sjukdommar eller skade i hjernen. Ved demens er prosessane i hjernen, som gjer at personen kan motta, bearbeida, lagra og uttrykka informasjon og utføra handlingar, forstyrra. Personen har ei kognitiv svikt. Ved demens påverkar den kognitive svikta evnen til å fungera i kvardagen.

Dersom daglegdagse oppgåver har blitt ei utfordring, skal ein ta symptoma på alvor. Som stadig å gløyma avtalar, kva nokon heiter eller kvar ting ligg. Evna til å konsentrera seg kan verta dårlegare og det kan vera vanskeleg å fullføra arbeidsoppgåver. For meir informasjon kan ein lese på aldring og helse si heimeside her. 

Er du bekymra for eiga eller pårørande si kognitive helse kan ein i første omgang ta kontakt med fastlege, men ein kan også ta kontakt med hukommelseteamet i kommunen.

Om du har spørsmål om demens kan du også ringe demenslinja på telefon 23 12 00 40. 

Teikn på demens

Teikn på demens kan blant anna vera:

  • Nedsett kortidshukommelse
  • Forvirring og nedsett orienteringsevne
  • Problem med planlegging og gjennomføring av oppgåver
  • Vanskar med å finne ord
  • Endringar i humør og veremåte
  • Vanskar med å lære nye ting
  • Mindre initiativ og engasjement
  • Forvirring med tanke på tid og stad
  • Sveikka økonomisk dømmekraft