Målgruppe

  • Alle elevar som søkjer permisjon frå opplæringa
  • Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, og deira pårørande.

Vilkår

Skulen vil vurdere grunngjevingane for permisjonssøknaden og om permisjonen er forsvarleg. Det er ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida, men det vil vere ein fordel om foreldra og skulen gjer avtalar om dette.

Lova tillet ikkje at det blir gitt permisjon for meir enn to veker om gongen. I dei tilfelle dette er nødvendig, vil elevane formelt tape tilsvarande av sin rett til skulegang, og det bør inngåast avtale mellom foreldre og skule om at foreldra tek på seg opplæringsansvaret.

Foreldre til elevar som har rett til permisjon fordi trussamfunnet dei tilhøyrer har høgtidsdagar, må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Lover

Opplæringslova § 2-11 første og andre ledd. Eleven har ikkje rett til permisjon etter første ledd. Etter andre ledd vil eleven derimot ha rettar dersom vilkåret om opplæring i permisjonstida er oppfylt.

Rettleiing

Skulen kan kontaktast for å få rettleiing om og hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart råd er.
Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det gjevast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysning om når ein kan vente at vedtaket vil bli fatta.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.