Jod

Ved ei eventuell atomhending har kommunen ein plan for utdeling av jodtablettar til innbyggjarar som er i målgruppa

Jodtablettar er aktuelt ved ei eventuell atomhending med utslepp av radioaktiv jod. 

Målgruppa for jodtablettar er barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Disse gruppene har størst opptak av jod og vil difor ha mest nytte av tablettane. Det kan bli gitt råd om at vaksne under 40 år og skal ta jodtablettar.

Tilskot av jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod og reduserar risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen.

Dersom det skulle oppstå ei hending med radioaktiv forureining er det særleg viktig å ta førebyggande jod. Jodtablettar skal takast så raskt som mogleg når kriseutvalet for atomberedskap anbefalar det. Det er difor ønskjeleg at de som pårørande gjev eit førehandsamtykke til at dykkar barn kan få utlevert jodtablettar i barnehagen eller skulen dersom myndigheitene ved ei eventuell hending anbefaler det. Føresette vil bli varsla dersom  jodtablettar er gitJodtablettar beskyttar kun mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Ved ei hending vil det komme informasjon frå Det nasjonale Kriseutvalet for atomberedskap om inntak av jodtablettar.

Kommunen reknar med mange husstandar føl  anbefalinga om sjølv om å kjøpe jodtablettar for heimelagring (reseptfritt sal) for alle under 40 år, gravide og ammande

Sjå meir informasjon på: Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit si nettside