Periode: veke 25 til og med 32 (17. juni tom 11. august).

Sommarjobb i heimebaserte tenester og på sjukeheimen inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og arbeid anna kvar helg.  Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag.  

Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med Einingsleiar Olav Sande, tlf: 9360 9390

ME SØKJER DEG SOM:

  • Er 18 år eller fyller 18 år i nær framtid og har interesse for omsorgsarbeid.
  • Er autorisert helsepersonell (ikkje eit krav)
  • Studentar t.d sjukepleie/vernepleie/ eller elevar i anna helsefagleg utdanning.
  • Andre med interesse/røynsle.
  • I heimesjukepleien må du ha førarkort for bil.

ME TILBYR:

Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø.

Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.

Oppgje i søknaden:

  • kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.
  • om du har førarkort.

 

Søknadsfrist: Fortløpande             Søknadsskjema finn du her.