Fitjar kommune treng fleiere fritidskontaktar til barn, unge og vaksne.

Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld, helger eller dagtid. Timetalet kan variere frå 3-6 timar i veka. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.

Kvalifikasjonar:
• Du bør vere over 18 år og villig til å forplikte deg over tid
• Gode norskkunnskapar
• Du bør ha sertifikat

Personlege eigenskapar:
• Du ynskjer å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
• Du er ansvarsfull, tolmodig, fleksibel og kreativ 

• Kunne sette grenser for deg sjøl, tjenestemottaker og evt.andre

Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera fritidskontakt.

Arbeidsoppgaver

• Legge til rette for at tjenestemottaker får ei meningsfull fritid ut fra forutsetninger, ynskjer og behov som til dømes:

• Gåturar, kafebesøk, besøk i symjehallen, trening, kulturaktiviteter eller følgje til  organiserte fritidstilbod

• Bli kjend med nye mennesker og miljø, oppleve eit fellesskap

• Gi støtte og motivasjon

For oppdraget gjeld:
• Godtgjersle etter gjeldande satsar for fritidskontaktar
• Køyregodtgjersle
• Utgiftsdekking på kr 200,-

Gyldig politiattest må leggjast fram.

Har du spørsmål om oppdraget kan du ta kontakt med sakshandsamar Målfrid Hallaråker på tlf: 469 13 015.                                   Søknadsskjema finn du her