Permisjon frå grunnskolen

Beskrivelse

Treng du fri frå skolen for å reise på ferie, delta på idretts- eller kulturarrangement, feire ei religiøs høgtid eller liknande, må du søkje skolen om permisjon.

Opplæringslova beskriv to permisjonstilfelle:

  1. Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Du har altså ikkje krav på permisjon. Det er skolen som avgjer om permisjonen er forsvarleg. 
  2. Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet. Er du omfatta av dette, har du rett til permisjon så lenge du får opplæring i permisjonstida av foreldra dine.
Målgruppe
  • Elevar i grunnskolen
  • Foreldre til elevar i grunnskolen
Vilkår

Har du rett til permisjon fordi trussamfunnet du høyrer til har heilagdag, må foreldra dine gi deg nødvendig undervisning i permisjonstida slik at du kan følgje med i den vanlege undervisninga når du kjem tilbake på skolen.

For permisjonar som ikkje gjeld religiøs heilagdag, er det ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er likevel ein fordel om foreldra og skolen avtaler og lagar ein plan for slik opplæring.

Lover

Opplæringslova § 2-2 fjerde og femte leddet (Plikt til grunnskoleopplæring)

Veiledning

Du kan kontakte skolen for å få rettleiing om og hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid slik at skolen rekk å behandle søknaden din. Søknader blir behandla fortløpande gjennom skoleåret.

Saksbehandling

Skolen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysning om når det kan ventast at vedtaket vil bli fatta.

Skolen vurderer om du har god nok grunn til å få permisjon, og om permisjonen er forsvarleg. Meiner skolen at permisjonen vil verke negativt på den faglege utviklinga di, kan du få kortare permisjon enn du søkte om eller bli nekta permisjon.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda skolen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til skolen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Skolen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
grunnskole, barn, skole, permisjon, undervisning, opplæring, fritak, elev, fri, høgtid, feriereise

DebugView   v2