Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn

Beskrivelse

Som elev i grunnskolen får du undervisning i KRLE (Kristendom, Religion, Livssyn og Etikk). Faget er for alle elevar, uansett religiøs bakgrunn eller livssyn, og skal ikkje vere forkynnande. Skolen skal vise respekt for din religion eller ditt livssyn.

Likevel kan det oppstå situasjonar som opplevast problematiske. Då kan du be om fritak.

Rett til fritak av tilsvarande grunnar gjeld alle skolefag, ikkje berre KRLE-faget. Du kan be om fritak frå ein enkelt aktivitet eller delar av undervisninga.

Du kan ikkje be om fritak frå kompetansemåla i læreplanane for fag.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen.

Har du fylt 15 år, kan du sjølv be om delvis fritak. For elevar under 15 år ber foreldra/dei føresette om delvis fritak.

Vilkår

Du eller foreldre/føresette opplever at delar av undervisninga er

  • utøving av eller tilslutning til annan religion eller livssyn
  • støytande eller krenkande
Lover

Opplæringslova § 14-5 (Forbod mot forkynning) 

Opplæringslova § 14-6 (Fritak frå aktivitetar i opplæringa på grunn av livssyn) 

Opplæringslova § 14-7 (Opplæring om kristendom, religion, livssyn og etikk )

Veiledning

Melding om fritak må vere skriftleg og gjere greie for kva for aktivitetar eller delar av undervisninga du vil ha fritak frå. Du treng ikkje gi nokon grunn til kvifor du ønskjer fritak. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølv gi skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.

Saksbehandling

Skolen skal sørgje for at fritaket blir gjennomført. Skolen skal leggje til rette for at du får anna opplæring med tilsvarande fagleg innhald. Det vil seie at du skal få same kunnskap som dei andre elevane, men på ein annan måte.

Klage

Dersom skolen ikkje godtar fritaksmeldinga, kan du klage. Klagen må sendast seinast tre veker etter at du fekk svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Skolen kan gi rettleiing ved behov. Klagen sender du til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
grunnskole, trussamfunn, livssynssamfunn, kristendom, religion, livssyn, skole, elev, undervisning, fritak, klasse, etikk, RLE, KRL

DebugView   v2