Folkehelse (3)
Foto: Fitjar kommune/Jeanett S. Svendsen

20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Fitjar kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Fitjar kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Fitjar, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2 500,-
og ti på kr 1 000,-.  Gåvekorta er gyldig i fem år.

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51207150