Byggesak

Byggesaksavdelinga  handsamar søknader med heimel i m.a. plan- og bygningslova, matrikkellova, hamne- og farvannslova m.m. Handsaming av byggje- og delingssaker/arealoverføring skjer etter reglane i plan- og bygningslova

Du må i dei aller fleste tilfelle ha løyve frå kommunen når du skal byggje nytt (bygning, terrasse, støttemur, brygge mm.), byggje på (tilbygg eller påbygg), riva bygg eller endre bruken av eit bygg eller del av eit bygg (bruksendring). 

Du kan og finne mykje opplysingar om byggesøknader og kva du kan byggja utan å søkje, inne på denne sida Bygge og endre på Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sine sider.

Byggesøknaden

Søknadsløysingar:
Profesjonelle aktørar kan sende inn søknader via Digitale løsninger for plansaker og byggesøknader.
Søknadsløysingane er tilpassa ulike målgrupper, som blant anna arkitektar og røyrleggjarar, og gjer det enklare å gjere ting riktig når ein lagar ein byggesøknad. Søknadene kontrollerast opp motregelverket før dei blir sendt, for å sikra at søknadene er komplette. Søknadene kan dermed behandlast raskare i kommunen. Alle løysingane er betalingsløysningar med ulike prismodellar.

Privatpersonar kan og søkje digitalt via Digitale tjenester for byggesøknader.

Søknadsskjema:
Hjå Direktoratet for byggkvalitet - Søknadsskjemaer for byggesak - finn du til ei kvar tid ajourførte skjema som skal nyttast ved innsending av søknadar.

Søknadsskjema på papir:
Søknadsskjema på papir - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Mindre byggeprosjekt:
Har du eit mindre byggeprosjekt på eigen eiendom (garasje, tilbygg, bod og bruksendring), kan du sende byggesøknad og nabovarsel, enten digitalt eller på papir. 
Søknadsskjema finn du på her: Søknadsskjemaer for mindre byggeprosjekter på boligeiendom. 

Her finn du også skjema for: Melding om frittliggende bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt
Kart som du treng til søknader, finn du på Fitjarkart.  Karta skal vere i målestokk 1:500 og M=1000.  Kryss av for "Rutenett". 

Bedrifter og privatpersonar kan tinga kartpakke som inkluderer kart i målestokk 1:500 og M=1000 og naboliste, hos Ambita eller hos Norkart e-Torg 

Nabosamtykke:
Her finn du skjema for nabosamtykke.
 

Førehandskonferanse

Her finn du skjema for tinging av førehandskonferanse:  
Word-format PDF-format 

Oppmåling

Oppretting av matrikkeleining, rekvisisjon av kartforretning, arealoverføring, skjema
Les meir om kart og oppmåling 

Rekvisisjon av kartforretning  

 

Kart, kartpakke - Matrikkelbrev/målebrev

Kart som du treng til søknader, finn du på Fitjarkart.  Karta skal vere i målestokk 1:500 og M=1000.  Kryss av for "Rutenett". 

Bedrifter og privatpersonar kan tinga kartpakke som inkluderer kart i målestokk 1:500 og M=1000 og naboliste, hos Ambita eller hos Norkart e-Torg 
 

Utskrift av matrikkelbrev/kopi av målebrev)
Ynskjer du kopi av matrikkelbrev eller målebrev, kan du send ein førespurnad til Fitjar kommune via fitjar@fitjar.kommune.no. Husk fullstendig namn, adresse, informasjon om kva dokumentet skal brukast til og kva gårds- og bruksnummer det gjeld. 

Prisar på utskrift av matrikkelbrev, inn du her.
 

Søknad om dispensasjon for å kunne bu fast på hytta

Utval for plan og miljø vedtok i sak PS 47/21 den 15.06.2021 prinsippvedtak knytt til søknad om bruksendring frå hytte til heilårsbustad. Saksutgreiinga og vedtaket i saka kan du lese om her

Følgjande skjema vert å fylle ut ved søknad om mellombels dispensasjon. Grunngjeven dispensasjonssøknad skal følgja søknaden.

Tiltaket utløyser gebyr etter til ei kvar tid gjeldande gebyrregulativ.

Gebyrregulativ/Lokale forskrifter 
3.2.7 Bruksendring eller vesentleg utviding utviding eller vesentleg endring av tidlegare drift av tiltak, jf. pbl. § 20-1, d

Regulerings- og kommuneplanar

Oversikt over gjeldande reguleringsplanar, kommuneplan finn du på Arealplanar.no.

Bestilling av kopi av byggesaksdokumenter

Bestilling av kopi av byggesaksdokumenter, kan ein gjere via denne sida. Fitjar kommune benyttar ikkje Placepoint og andre innsynsmodular pr. i dag. 
Evt. send ein epost der du forklarar kva du ynskjer innsyn i og kva gårds- og bruksnummer det gjeld, til fitjar@fitjar.kommune.no 

Tilsynsstrategi for plan og utvikling 2023-2026, byggesaker

Saksprotokoll  Sak PS 3/23 - Tilsynsstrategi for plan og utvikling 2023-2026, byggesaker - handsama i Fitjar kommunestyre 15.03.2023

Strategi for tilsyn 2023-2026, Plan og utvikling

Orientering om rett til å klage på forvaltningsvedtak

Orientering om rett til å klage på forvaltningsvedtak finn du her