Med eDialog kan du enkelt senda brev og dokument til oss på ein trygg måte.
Du kan også sende post som inneheld personsensitive opplysningar og/eller er unnateke offentligheit.
Å senda dokument med e-post utgjer ein større risiko for at personsensitive opplysingar kan koma på avveie og kan også stoppast i spamfilter. Ved å nytta tenesta eDialog, kan du senda inn dokument via ein sikker kanal.
Me oppmodar både privatpersonar og verksemder til å bruka eDialog til å senda dokument til oss på ein trygg måte.
Når treng du ikkje å nytta eDialog?
- Dersom Fitjar kommune har eigne søknadsskjema til formålet, for eksempel søknad om helse- og omsorgstenester, parkeringsløyve for rørslehemma, ledig stilling m.m. Til skjemaoversikt
- Dersom du har enkle spørsmål som kan besvarast via e-post.
Sentralt postmottak: fitjar@fitjar.kommune.no - Dersom du berre har dokumenta i papirformat og heller foretrekker å senda dei per post, er adressa til Fitjar kommune:
Fitjar kommune
Postboks 83
5418 Fitjar
Send post via eDialog (Sikker post) til:
Send post via eDialog (Sikker post) til:
Send sikker digital post til Fitjar kommune
Send sikker digital post til barnevernstenesta i Stord, Fitjar og Bømlo
Vedlegg MÅ vera i pdf
Send bekymringsmelding til barneverntenesta
Vedlegg MÅ vera i pdf
Send bekymringsmelding til barneverntenesta (Bekymringsmelding for offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt)
Vedlegg MÅ vera i pdf
Send sikker digital post til PPT
Korleis bruka eDialog?
- Klikk på ein av lenkjene ovanfor
- Logg inn ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID el.)
- Skriv inn i skjemaet og legg ved dokument
Slik fyller du ut skjemaet
- Obligatoriske felt er merka med * (rød stjerne).
- Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
- Tittel: Kva gjeld henvendinga? Skriv gjerne saksnummer.
- Kommentar: Her kan du skriva inn teksten din.
- Du kan laste opp vedlegg. Dei fleste format kan brukast, men dokument som skal sendast til PPT eller barnevernstjenesten må vera i pdf-format.
- Klikk på "Send". Sendinga vert kryptert og sendt direkte til oss. Du får kvittering med referansenummer på e-post eller sms.
Slik kan du gjera om ein dokument til PDF-format:
- For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF