Det følg av § 9 i lov om folkehelsearbeid at kommunen skal føre tilsyn med dei faktorar og tilhøve i miljøet som til ei kvar tid, direkte eller inndirekte, kan ha innverknad på helse. 

Alle elevar i grunnskulen og vidaregåande skular, og born i barnehagar, har krav på eit tilfredstillande inneklima. Dette då i samsvar med forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. lov om folkehelsearbeid og opplæringslova § 9a. Eigarar og leiarar har ansvar for å ivareta desse krava. 

Rettleiar til forskrift om miljø og helse i barnehagar og skular seier at verksemder skal ha tilfredsstillande inneklima, herunder luftkvalitet. Temperaturregulering og ventilasjon skal vera tilpassa bruksområdet og årstidsvariasjonar. Den relative luftfuktigheit i romma må ligge på eit slikt nivå at fare for muggdanningar ikkje førekjem. Ioniserande stråling skal ikkje overskride eit allment akseptert nivå.

Når det gjeld radonnivå viser me til Statens stråleverns Måleprosedyre for radon i skoler og barnehager (2015), veileder i tilsyn med radon i skoler, barnehager og utleieboliger og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet - Stråletrygg hverdag

Radonmålingar skal gjennomførast i vinterhalvåret over minst to månadar og det skal bereknast årsmiddelkonsentrasjonar. jf. måleprosedyre for radon i skular og barnehagar.

I bygg som viser stabile låge radonnivå under tiltaksgrensa på 100 Bq/m3 er det tilstrekkeleg å måle ca. kvart tiande år. I bygg som ligg under maksimumsgrensa på 200 Bq/ m3, men over tiltaksgrensa, kan ein iverksetje tiltak som lufting/ betre ventilasjon, då er det tilrådd kontrollmåling kvart 5.år.

Les også nyttig informasjon frå helsedirektoratet her, om miljøretta helsevern i barnehage og skule.