Alle skular og barnehagar er pålagt å ha internkontrollsystem som skal ivareta bornas helse, trivsel, sikkerheit og miljø. 

Internkontrollsystemet skal gjere det enkelt å drive forbetringsarbeid. Systemet er ei kvalitetssikring og ein eigenkontroll på at eininga har system og rutinar som fungerar, og som fangar opp problem og utfordringar.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular § 4, seier at leiar for virksomheita, altså styrar i barnehagen og rektor i skulen, har ansvar for å sjå at bestemmelsane i eller i medhold av denne forskrifta vert overhaldne. Dei skal og retta seg etter dei pålegg kommunen gir til ei kvar tid. 

Styrar og rektor har ansvar for at det er etablert internkontrollsystem i skulane og barnehagane.