Målsetting

Målsettinga er at rutinane skal sikra at overgangen frå barnehage til skule og SFO tek omsyn til god sosial tilpassing til barna, samt styrka samanhengen og progresjon i læringsinnhaldet i barnehagen og skulen. 

Plan for overgang mellom barnehage og skule er overordna forplikta for den kommunale barnehagen, skular og SFO i Fitjar. Det er anbefalt at også private barnehagar nyttar planen for å sikre lik praksis for alle barn i kommunen. 

Dette betyr i praksis at:

  • Barna oppleve samanheng frå barnehagen til skule og SFO
  • Barna får ta med seg interessene sine og ha nytte av den dugleiken dei tileigna seg i barnehagen i møte med skulen og SFO
  • Barna kjenne seg trygge i overgangen og opplev skule og SFO som ein god plass å vera
  • Barnet oppleve å verta inkludert 
  • Barnet oppleve å bli møtt ut frå eigne føresetnadar og behov slik at dei kan læra og utvikla seg i takt med seg sjølv
  • Barnet får færre stressbelastningar, mindre opplevd stress
  • Barnet og foreldre oppleve flyt på informasjon i overgangen
  • Barnet utviklar seg fagleg, sosialt og emosjonelt
  • Barna sjølve og dei føresette får ei sentral rolle med reell medverknad i arbeidet med overgang barnehage, skule og SFO
  • Færre fell ut av ungdomsskule og vidaregåande skule som igjen kan føra til færre unge uføre i Fitjar

Frå eldst til yngst

For meir informasjon om tiltak og innhald kan de lese planen her. 

Styringsdokumenta seie..

Barnehagelova § 2a. Plikt til å samarbeide med skolen om overgangen frå barnehage til skole 
Barnehagen skal samarbeide med skolen om barnas overgang fra barnehage til skole og skolefritidsordning (…). Samarbeidet skal bidra til at barna får en trygg og god overgang. 

Opplæringslova § 4 - 7. Overgangen frå barnehagen til skolen 
Kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen og skolefritidsordninga

Rammeplan for SFO 
SFO skal bidra til å skapa ein god og trygg overgong frå barnehage til skolen og barnehagen jf. Opplæringslova § 4 - 7 og barnehagelova § 2a. 

Rammeplan for barnehager, kap. 5.1
Barnehagen skal, i samarbeid med skolen, legg til rette for barns overgang fra barnehage til første klasse og eventuelt skolefritidsordning. Dette skal skje i nært samarbeid med barnets hjem. Planer for barns overgang fra barnehage til skole må være nedfelt i barnehagens årsplan.