Her finn du søknadsskjema ein skal nytta ved oppstart av ny barnehage eller skule. 

Verksemder som omfattast av forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skuler m.m., skal vera helsemessig tilfredsstillande. Verksemda skal planleggast, byggast, tilretteleggast og drivast slik at forskriftas bestemmelsar om trivsels-, helse-, hygiene- og sikkerhetsmessige forhold vert oppfylt på ein allmen akseptabel måte.
(jf. forskrifta § 7 Generelle krav).

Verksemder som omfattast av forskrifta, jf. § 2, skal vera godkjent av kommunestyret, eller den kommunestyret delegerer godkjenningsmynde til.

Godkjenning etter denne forskrifta fritar ikkje for bestemmelsar som er gitt i medhold av anna regelverk. Søknad om godkjenning skal fremleggast for godkjenningsmynde når det føreligg plan for etablering, utviding eller endring av verksemda. Søknaden skal innehalde dokumentasjon som viser korleis verksemdas eigar vil sikra at verksemda planleggast, etablerast, drivast og vidareutviklast i samsvar med forskriftas bestemmingar (jf. forskriften § 6 Krav om godkjenning).
Forskrifta og søknadsskjema omfattar bornas arbeidsmiljø og ikkje HMS for tilsette i verksemda.