Mange som trur dei har symptom på demens, nøler med å ta kontakt med lege. Jo tidligare prosessen vert sett i gang, desto betre behandling og oppfølging kan pasienten få. 

Utredninga starter ofte hos fastlegen, gjerne med pårørande til stades. Det er viktig å oppsøke lege så tidleg som mogleg, også for å utelukke andre sjukdommar som kan gi demensliknande symptom. Etc. depresjon, stoffskiftesjukdommar, hjerneslag, infeksjonar, feilmedisinar med meir. 

Fastlegen kan sjølv utføre ein demensutredning, men oftast vert denne utført av hukommelsesteamet. Ein kan også henvisast til spesialistheletenesta for utvida utredning.

Ved utredning nyttar ein testar frå nasjonalt senter for aldring og helse. Ein gjennomfører ein Basal demensutredning som kartleggingsverktøy. Ein kan lese meir om dei ulike testane her.