Lovheimel

  • Lov om barnehager § 24: Styrer
  • Lov om barnehager § 25: Pedagogisk bemanning
  • Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager §§ 1 - 5

Generelt

  • Barnehageeigar kan søkje om dispensasjon frå utdanningskravet til styrar og til pedagogisk leiar jf barnehageloven §§ 24 og 25.
  • Stillinga skal ha vore offentleg utlyst og kor det ikkje har meldt seg kvalifiserte søkjarar til stillinga (t.d. lokale aviser, NAV, oppslag på høgskule – barnehagen/eigar sine heimesider er ikkje tilstrekkelig som offentleg utlysing).
  • Kommunen legg følgjande til grunn i si vurdering:
    • Utlysingstekst
    • om utlysinga er offentleg tilgjengelege
    • tidspunkt for utlysinga
    • søknadsfrist for stillinga
  • Dispensasjonen skal vere knytt opp mot den personen det vert søkt dispensasjon for, til ei konkret stilling i ein konkret barnehage.
  • Ved handsaming av søknadar om dispensasjon frå utdanningskravet, skal dei reelle kvalifikasjonane til den det vert søkt for vurderast av kommunen.
  • Fitjar kommune kan stille vilkår ved dispensasjon.
  • Det vert ikkje kravd søknad om dispensasjon frå utdanningskravet når vikariatet er kortare enn tre månader.

Midlertidig dispensasjon

  • Midlertidig dispensasjon kan gjevast til styrar og pedagogisk leiar i barnehage, og til pedagogisk rettleiar i familiebarnehage. Når kommunen vurderer om ein søknad skal innvilgast, vert dei reelle kvalifikasjonane til den det vert søkt for vurdert. I tillegg vurderer ein gjerne også kor lenge vedkomande har utført relevant arbeid i barnehagen, og kor sannsynleg det er at barnehagen innan rimeleg tid kan få tilsett ein kvalifisert søkjar. Søknad om dispensasjon frå utdanningskravet for pedagogisk leiar skal innehalda ein skriftleg uttale frå styrar, og frå barnehagen sitt samarbeidsutval.
  • Midlertidig dispensasjon vert gjeve for maks eitt år om gongen.
  • Fitjar kommune kan stilla vilkår om at den som får dispensasjon frå utdanningskravet for pedagogisk leiar, regelmessig får rettleiing frå styrar.

Søknad

  • Eigar/styrar søkjer Fitjar kommune om dispensasjon.
  • Søknaden vert handsama av barnehagemynde i Fitjar kommune.
  • Søknaden skal skrivast på eige søknadsskjema og sendast fortløpande til Fitjar kommune v/ barnehagemynde. Søknad kan sendast via eDialog via kommune si heimesida, eller per post Fitjar kommune, postboks 83, 5418 Fitjar.

Søknadsskjema kan lastast ned  her.  PDF document ODT document

Skjema for rettleiing finn du her PDF document ODT document

Vedtak og klage

  • Av vedtaket skal mellom anna fylgjande koma fram:
  • Alle dispensasjonar skal knytast til den personen det vert søkt dispensasjon for (skal namngjevast i vedtaket), til ei konkret stilling i ein konkret barnehage.
    • Dei reelle kvalifikasjonane skal vurderast av kommunen.
    • Det skal visast til kor den aktuelle stillinga har vore offentleg lyst ut.
    • Eventuelle villkår skal tydeleggjerast.
    • Dispensasjonen si varigheit.
  • Vedtak om dispensasjon er eit enkeltvedtak og skal grunngjevast jf. forvaltningslova § 2.
  • Vedtaket vert sendt til søkjaren, dvs. eigaren.
  • Vedtaket kan klagast på til Fylkesmannen jf forvaltningslova §§ 28 og 29.
  • Klaga skal fremjast via kommunen. Dersom kommunen ikkje vurderer vedtaket på nytt og gjer det om, skal klaga sendast over til Statsforvaltaren for handsaming.