Kommunestyret gjorde slikt vedtak i møte 21.06.2023:

Vedtak:

Fitjar kommune vedtek planen med motsegn og fremjar sak om Områderegulering for Fitjar sentrum PlanID 201901 for Kommunal- og distriktsdepartementet til endeleg avgjerd. Ordføraren får fullmakt til å godkjenna justerte plandokumenta etter høyringsfråsegner og innspel i møtet, før dei vert oversendt statsforvaltaren. Vedtaket er fatta med heimel i Plan- og bygningslova § 5-6. Kommunestyret vedtek med juridisk bindande verknad dei delene av planen det ikkje er reist motsegn mot i tråd med PBL §12-13 første ledd

Plandokumenta vert lagt ut under kunngjeringar når planen er ferdig justert i tråd med fråsegn frå NVE og innspel i møtet.

Formannskapet gjorde slikt vedtak i møte 30.08.2023:

Vedtak:

Formannskapet vedtek å oppheve det mellombelse bygge- og delingsforbudet, for dei delene av planen for områderegulering av Fitjar sentrum ( PlanID 4615_201901 ) som kommunestyret har vedteke med eigengodkjenning. Vedtaket er fatta med heimel i PBL § 13-1.

Saksprotokoll Fitjar Sentrum - Formannskapet 30.08.2023 kan du finne her