Utval for oppvekst og omsorg fatta i møte 17.04.2024 vedtak om å legge utkast til "Alkoholpolitiske retningslinjer" ut på høyring. Dette er ut i frå PS 15/24. 

Lov om omsetnad av alkoholholdig drikk m.v. (Alkohollova) § 1-7d pålegg kommunen ein alkoholpolitisk handlingsplan i tråd med kommunen sine alkoholpolitiske retningslinjer. Kommunen sine alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028 vil erstatte dagens vedtekter for alkoholomsetnad 2020-2024. 

 

Kommunen har høve til å vedta lokale retningslinjer, som set premissar for skjønnet som Alkohollova § 1-7a legg opp til. Ved vurdering om det skal giast bevilling, skal det blant anna leggast vekt på:

  • Antal sal- og skjenkestader
  • Søkjar sitt driftskonsept, med karakter, plassering og målgruppe
  • Trafikk- og ordensmessige omsyn
  • Næringspolitiske omsyn
  • Omsyn til lokalmiljøet elles

Dei alkoholpolitiske retningslinjene til kommunen legg føringane for meir rettferdig skjønsvurdering av søknadar som kjem inn. Det er difor viktig at desse retningslinjene vert sett i samanheng med kommunen sin alkoholpolitiske handlingsplan, og vert difor lagt ut på høyring i same tidsrom. 

Du kan sende innspel på e-post til fitjar@fitjar.kommune , eller brev til postboks 83, 5418 Fitjar. 

 

Frist for å komma med innspel til dei “Alkoholpolitiske retningslinjene” er sett til 29.05.2024.

 

Utkast til Alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028 finn du her