Rips_350x525
Foto: Pixabay

Retningslinjer i 2022 for støtte til frukt, bær og retningslinjer for etablering av småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær

Prioritering av søknader
På gardsbruk der frukt- og bærdyrking utgjer eller vil kunne bli ein vesentleg del av inntekta, kan det løyvast tilskot til fornying og nyplanting av frukt, og dekkjesystem for bær. Det er eit krav at søkjaren bur på eller nært garden, og at ressursgrunnlaget for verksemda er knytt til bruket og bygda. Støtte til planting av bær inkl dekkjesystem og frukt til konsum, sider og saft på gardsbruk i frukt- og bærdistrikta er høgt prioritert. Nye produsentar må dokumentere sin kompetanse om dyrking. Søknader om støtte til kjølelager for frukt og bær på gardsbruk er lågt prioritert.

Plan for tiltaket
Planen må bygge på moderne dyrkingsprinsippet med tilrådde tal planter pr. dekar. Tilpassingar kan likevel godkjennast. Det skal leggjast stor vekt på at sortar/kulturar og dyrkingssystem er framtidsretta og at dette skjer i samråd med det aktuelle fruktmottaket og rettleiingstenesta.

Arealkrav
Arealet som det er planen å fornye/plante, bør normalt vere minst 3 daa. Areal med bær som skal dekkjast, bør normalt vere minst 3 daa. Investeringstilskotet vil bli redusert dersom det er gitt erstatning til nyplanting etter offentleg pålegg til same fruktfeltet. Investeringstilskotet kan vidare bli redusert dersom det er eller blir ytt tilskot frå kommunale fond.

Godkjende kostnader
Arrondering og rydding. Kostnader som kan godkjennast:
Rydding av gamle frukttre.
Tiltak som vil betre arrondering og dyrkingstilhøve; fjerning av bergknausar, legging av bekkar i røyr, med meir.
Ta kontakt med landbruksetaten i kommunen for å vurdere om tiltaket er søknadspliktig, eventuelt om støtte til drenering/grøfting.

Nyplanting og fornying av fruktfelt. Kostnader som kan godkjennast:
Planter, plantearbeid, oppbinding, vatningsanlegg og ulike dekkjesystem for moreller.

Bærproduksjon med dekkje. Kostnader som kan godkjennast:
Investering og oppføring av dekkjesystem og anlegg for vatning og gjødsling.
Planter, plantearbeid og oppbinding for bringebær.

Viltgjerde / hjortegjerde:
Kan setjast opp der det er behov for skjerming, og ikkje nødvendigvis rundt planlagt nyplanting.

Nivå på godkjende kostnader og støttesatsar
Til konvensjonell dyrking kan det løyvast inntil 35 % tilskot til plantekostnader.
Til økologisk dyrking kan det løyvast inntil 50 % tilskot til plantekostnader, men normalt vert det gitt inntil 40 % tilskot.

Ved generasjonsskifte blir det normalt ytt inntil 35 % tilskot.

Kostnader til etablering av frukt- og bærfelt vil variere med omfang og topografi. Det same gjeld risiko og lønsemd i prosjektet.

I denne er låge satsar aktuelle for areal med god topografi, medan høge satsar er aktuelle for areal med krevjande topografi og bratt terreng.

I tabellen nedanfor er låge satsar aktuelle for areal med god topografi, medan høge satsar er aktuelle for areal med krevjande topografi og bratt terreng.

Produksjon Kostnader, kr pr da    Støttesats     
Planting av kjernefrukt - eple og pære Inntil kr 75 000 25 - 30 %
Planting av plomme Inntil kr 50 000 30 - 35 %
Planting av moreller med dekkjesystem Inntil kr 220 000 30 - 35 %
Bringebær med dekkjesystem Inntil kr 170 000 20 - 25 %
 
Jordbær i tabletop med dekkjesystem Inntil kr 300 000 20 - 25 %
 
Viltgjerde Inntil kr 100 kr pr meter 20 - 25 %
Arrondering/rydding (må kostnadsreknast i kvart enkelt tilfelle)       Inntil kr 30 000 20 - 25 %

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis søkje om støtte? Søknaden, som skal sendast fyllast ut og sendast elektronisk til Innovasjon Norge.  Velg menyvalet Landbruk deretter tradisjonelt landbruk. Ta kontakt med landbruksetaten i kommunen for hjelp med søknaden. Tiltaka i prosjektet skal ikkje vere starta opp før Innovasjon Norge har handasama og avgjort søknaden.

Vedlegg for søknad om støtte til frukt og bær
√ Planteplan som viser tal teigar, sortar, planteavstand og tal tre.
Dekningsbidragskalkyle for frukt og bær, utarbeidd av NIBIO, http://www.landbruksforum.no/frukt/kalkyle/
Investerings- og finansieringsplan for frukt og bær
√ Kostnadsoverslag, bilde av noverande areal og plan for rydding og arrondering.
Kart som viser planting/dekkjesystem,
√ Kopi av avtaler for leigd areal. Leigeavtaler skal vere på minimum 10 år.
√ Næringsoppgåve for førre inntektsår.
√ Skattemelding til søkjar, og eventuelt til sambuar/ektefelle, førre inntektsår.
√ Stadfesting om lån frå bank, i prosjekt som delvis skal finansierast med lån.

Medlemmar i Gartnerhallen – leveranse til Bama
√ Fornyingsplanting av eldre frukthage: Uttale frå mottak om godkjende sortar og planteplan.
√ Nyplanting: Godkjent produksjonsplan frå Gartnerhallen. Produksjonsplan kan ettersendast, om han ikkje er klar på søknadstidspunktet.

Medlemmar i Norgrønt – leveranse til Coop
√ Fornyingsplanting av eldre frukthage og nyplanting: Uttale frå mottak om godkjende sortar og planteplan.

Medlemmar i Nå fruktlager, Hardanger
√ Fornyingsplanting av eldre frukthage og nyplanting: Uttale frå mottak om godkjende sortar og planteplan.

 

Gulerot
Foto: Pixabay

Tilskot til nyetablering av småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær

Kven kan få finansiering
Støttemottaker må vere eigar eller medeigar av landbrukseigedom eller registrert føretak, og som rekneskapsfører prosjektet og støtta i sitt rekneskap. Andre personar med særskild tilknytning til eigedomen som f.eks. ektefelle, sambuar, eldre eller neste generasjon kan også vere støttemottakar.

På gardsbruk der grøntproduksjon utgjer eller vil kunne bli ein vesentleg del av inntekta, kan det løyvast tilskot til utvikling av småskala grøntproduksjon. Det er eit krav at søkjaren bur på eller nært garden, og at ressursgrunnlaget for verksemda er knytt til bruket og bygda.

Kostnader som kan godkjennast
Utviklingstiltak, marknadsarbeid, kompetanseheving, mentor, etablering av dyrkingsfelt, viltgjerde, veksthus, kjøle- og lagerrom, produksjonslokaler, utvikling av berekraftig emballasje, med meir.

Støttesatsar
Til utviklings-, marknads- og kompetansetiltak kan det ytast inntil 75 % tilskot, men normalt blir det gitt inntil 60 % tilskot.

Det kan ytast inntil 35 % tilskot til etablering av dyrkingsfelt, bygningsmessige og tekniske investeringar, men normalt blir det gitt inntil 25 % tilskot. Ved søknad om støtte til etablering av frukt- og bærfelt og viltgjerde, gjeld satsar i tabell på side 2 i dokumentet.
Til økologisk dyrking kan det løyvast inntil 50 % tilskot til etablering av dyrkingsfelt, planting av frukt og bær, men normalt vert det gitt inntil 40 % tilskot.

Korleis søkje om støtte?
Søknaden, som skal sendast elektronisk til Innovasjon Norge, fyllast ut på Innovasjon Norge. Klikk på menyval om Landbruk deretter Tilleggsnæring. Søknadsskjema ligg nederst på nettsida. Ta kontakt med landbruksetaten i kommunen for hjelp med søknaden. Tiltaka i prosjektet skal ikkje vere starta opp før Innovasjon Norge har handsama og avgjort søknaden.

Bruk gjerne rådgjevarar frå rettleiingstenesta i planlegginga
Sjå nettsida til Norsk Landbruksrådgiving

Vedlegg for søknad om støtte ved etablering av småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær
√ Informasjon om søkjar; utdanning, yrkeserfaring og kompetanse innan planlagt produksjon.
√ Fagleg vurdering (Norsk Landbruksrådgiving) om areal som skal nyttast til grønsaker, frukt og bær.
Kart som viser etablering av småskalaproduksjon 
√ Plan og kostnadsoverslag for etablering; marknadsundersøking, kompetanseheving og mentor.
√ Plan og kostnadsoverslag for dyrking av grønsaker; etablering av dyrkingsfelt, tal bed, sortar og evt dekkvekstar.
√ Dekningsbidragskalkyle for grønsaksproduksjon, sjå Handbok for driftsplanlegging
√ Driftsbudsjett for planlagt produksjon, gjerne for 3 år.
√ Kostnadsoverslag for fysiske investeringar, utarbeidd på av Norsk Landbruksrådgiving, entreprenørar, leverandørar eller innhenta pristilbod.
Investerings- og finansieringsplan for småskalaproduksjon
√ Kopi av avtaler for leigd areal. Leigeavtaler skal vere på minimum 10 år.
√ Næringsoppgåve for førre inntektsår.
√ Skattemelding til søkjar, og eventuelt til sambuar/ektefelle, for førre inntektsår.
√ Stadfesting om lån frå bank, i prosjekt som delvis skal finansierast med lån.

I søknader om etablering av småskala produksjon treng ein ikkje legge ved produksjonsplan frå marknadsaktør.
Krav til dokumentasjon kan variere med storleik på prosjekt og kor langt søkjaren har kome i etableringa.

Felles for begge søknadsalteriativa:

Eigeninnsats
Inntil kr 350,- per time for manuelt arbeid og inntil kr 800,- pr time for eigen traktor/gravemaskin med førar. Det er kun eigeninnsats til søkjar/støttemottakar og evt. ektefelle/sambuar som blir godkjent i prosjektet.

Godkjenningar frå kommune og Debio
Om prosjektet må ha byggjeløyve, skal byggeløyve leggast ved søknaden. Ved søknad om støtte til økologisk produksjon, skal dokumentasjon frå Debio om at arealet er godkjend for økologisk produksjon, leggast ved søknaden. Om Debio-godkjenning ikkje er klar på søknadstidspunktet, må ein dokumentere at ein er i prosess og godkjenning skal sendast til Innovasjon Norge innan sluttutbetaling av tilskot.

Bruk gjerne rådgjevarar frå rettleiingstenesta i planlegginga
Sjå nettsida til Norsk Landbruksrådgiving, eller ta kontakt med May Britt Otterlei hos Innovasjon Norge Vestland, avd. Bergen på e-post eller på tlf. 906 11 632