Regnet dei siste dagane har hjulpe godt på gras-, lyng- og skogbrannfaren i Sunnhordland. Brann- og redningssjefane i 110 Sør-Vest sitt distrikt, har no blitt einige om å oppheve totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs frå og med tirsdag 27. juni.

Brannvesen i 110 Sør-Vest:

  • Bjerkreim brannvesen
  • Bømlo brann og redning
  • Eigersund brannvesen
  • Fitjar brannvesen
  • Haugaland brann og redning IKS
  • Haugesund brannvesen
  • Hjelmeland brannvesen
  • Hå brannvesen
  • Lund brannvesen
  • Rogaland brann og redning IKS
  • Sauda brann og redningsvesen
  • Stord brann og redning
  • Etne brann og redning
  • Suldal brann og redning

Det betyr at det igjen er lov å tenne opp eld eller grille på tilrettelagte bål- og grillplassar. 

Tusen takk for at dykk har høyrt på oss og respektert totalforbodet. Til tross for stor gras-, lyng- og skogbrannfare, har me hatt få brannar i naturen denne perioden. Det visar at innbyggjarane har tatt ansvar og fulgt totalforbodet. Det set me stor pris på!

 

No er det bålforbodet som gjeld:
Sjølv om totalforbodet er over, gjeld fortsatt det generelle bålforbodet mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark. Fra 15. april til 15. september er det generelt bålforbod i Norge. I denne perioden er det ikkje tillete å tenna opp bål og grill, også eingangsgrill, i eller i nærleiken av skog og annan utmark. 

 

Unntak:

  • Du har lov til å tenne opp eld/tenne bål dersom det heilt openbart ikkje kan byrje å brenna. Med openbart meinast at det for eksempel ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid.
  • Bruk av primus og kokeapparat kan benyttast i dei tilfelle kor det openbart ikkje er fare for at det kan oppstå brann. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdera om det er forsvarleg å bruke primus og kokeapparat.
  • Det er lov å grille på tilrettelagte grill- og bålplasser.
  • Du kan grille i din egen hage.
  • Du er sjølv ansvarleg – alltid

Sjølv om totalforbudet er over, er det likevel viktig at du alltid er forsiktig når du gjer opp eld utandørs. Din eld – dit ansvar. Det betyr at du er alltid ansvarleg når du tenner ild, uansett kor du er og kortid på året det er. 

Kravet om varsemd gjeld heile året, også utanom bålforbodet.  Er du usikker på du kan tenne opp eld eller fyre opp bål, la heller vere.

 

Kontaktinformasjon - Fitjar kommune:

Telefon: 534 58 500

Epost: fitjar@fitjar.kommune.no