Røysterett og manntal

For å få røysta må du ha røysterett og vera innført i manntalet i ein kommune.
 

Røysterett
Du har røysterett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- er norsk statsborgar
- fyller 18 år innan utgongen av 2025
- er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Du vert automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett 30.06.2025.

Manntalet for stortingsvalet vert lagt til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus, og på Fitjar folkebibliotek.

Dersom du meinar at det er feil eller manglar i manntalet, kan du krevja at feilen vert retta opp. Kravet skal vera skriftleg, og sendast til valstyret i Fitjar.

Tidlegrøysting

Det er høve til å røysta frå tysdag 1. juli dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen. I perioden frå 1. juli til og med 8. august kan du møta opp og få røysta i kundetorget på Fitjar rådhus, i ordinær opningstid. Hugs legitimasjon!        

Listeforslag

Vestland fylkeskommune si nettside finn du informasjon om kva parti som stiller til val i Hordaland valdistrikt, og deira listeforslag.