Målgruppa til PPT er born, ungdom og elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen. 

Kva gjere PPT?

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

PP-tenesten skal også bistå barnehagar og skular  i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, dette kan skje gjennom lærande nettverk som er temabasert eller generelle.

Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part. PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:

  • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
  • Spesialpedagogisk hjelp
  • Spesialundervisning
  • Fritak frå opplæring
  • Punktskriftopplæring
  • Teiknspråkopplæring
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK )Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Korleis kan eg kontakte PPT?

Du kan kontakte PP- tenesta med hjelp for kva som skal vera kartlagt før ei tilvising frå barnehage og skule, eller nytta deg av pedagogisk rapportskjema:

 

Dersom du som føresett treng rettleiing ikring dette kan du ta kontakt med oss for hjelp.

Ved tilvising til PPT

Etter at ein har kartlagt det ein skal kartleggja før tilvising, fylt ut pedagogisk rapport,  eventuelt andre kartleggingar som ein vil leggja ved; testrestultat, utskrift av stafettlogg og liknande. Så fyller du ut tilvisingskjema, som ligg i lenkene her: